Vel digital postkasse

Kommunen og statlege etatar ynskjer å sende deg post digitalt i staden for på papir. Digital postkasse er ei sikker digital løysing for å få og oppbevare viktig post frå det offentlege. Det finst to leverandørar av digital postkasse, e-Boks og Digipost.

Stat og kommune kan ikkje sende deg vedtaksbrev, skatteoppgjer eller sensitiv informasjon på e-post fordi det ikkje er sikkert nok. Ei digital postkasse er sikker, og her kan du lagre posten din så lenge du ynskjer

  1. Finn fram din elektroniske ID (e-ID), til dømes din BankID
  2. Vel enten Digipost eller e-Boks
  3. Følg instruksane frå e-Boks eller Digipost for å opprette postkasse

Du mottek så ein SMS frå Digitaliseringsdirektoratet som stadfestar ditt val av postkasse.

Les meir om Digipost og om e-Boks

Med ei digital postkasse frå e-Boks eller Digipost kan du motta viktig post frå det offentlege digitalt. Di personlege postkasse er gratis og du kan trygt lagre posten så lenge du ønskjer. 

Les meir: Digital postkasse - gratis og enkelt

Du kan når som helst byte digital postkasse. Dette gjer du ved å logge inn på
"Oppdater kontaktinformasjon".

Når du har logga inn på "Dine kontaktopplysningar", kan du sjå kva postkasse du har valt. Klikk på blyantikonet for å endre digital postkasse. Om du ikkje har valt digital postkasse tidlegare, kan du gjere det frå denne sida.

Det er enkelt å flytte posten du har motteke frå det offentlege over til den nye postkassen din.

Kontakt brukarstøtte for å få hjelp:                                                                                                                 

Digipost:  kundeservice@digipost.no eller tlf. 22 03 00 00

e-Boks: kontaktskjema eller tlf. 22 89 85 04

Les meir: Spørsmål og svar

Brukarstøtte for digital postkasse og ID-porten:
Opningstid: måndag – fredag kl. 09:00–15:00
Telefonnummer: (+47) 800 30 300

E-post: brukerstotte@digdir.no
Nettprat: Chat Snakk direkte med brukarstøtta (kun tilgjengeleg i opningstida)

 

Brukarstøtte Digipost: 

Digipost: (https://www.digipost.no/hjelp/
e-post: kundeservice@digipost.no eller tlf. 22 03 00 00

 

Brukarstøtte e-Boks: 

e-Boks: (http://www.e-boks.no/help.aspx)  
e-post: kontaktskjema eller tlf. 22 89 85 04 

Remote video URL
Når du opprettar digital postkasse, bidreg du til at det offentlege sparer penger som kan brukast til å levere bedte tenester til deg.