Du er her: Framside / Tema A-Å /

Foreldrepengar

Sjå også: Foreldre og barn
Foreldrepengar skal sikre inntekt for foreldre i samband med fødsel og adopsjon. Du kan få foreldrepengar dersom du har hatt pensjonsgjevande inntekt i minst seks av dei ti siste månadane før stønadsperioden tek til. Stønadsperioden for foreldrepengar er 46 veker med full stønad eller 56 veker med 80 prosent av full stønad.

Visste du at

...frå 1. juli 2010 blei vilkåra for faren sin rett til fedrekvota endra?

No er det ikkje lenger eit krav at mor i oppteningstida til foreldrepengar har arbeidd minst 50 prosent stilling for at far skal ha rett til fedrekvote . Det er tilstrekkeleg at mor har rett på foreldrepengar ved fødsel eller adopsjon.

Lovendringa gjeld der dato for fødsel eller omsorgsovertaking ved adopsjon er 1. juli 2010 eller seinare.

Aktuelle etatar og verksemder

Lover og reglar

Finn tenester i nærområdet ditt