Det finst fleire ulike pensjonsordningar. Alle som er busette her i landet har som regel rett til alderspensjon. Pensjonsalderen er 67 år. Ved avtalefesta pensjon (AFP) er pensjonsalderen 62 år. Andre pensjonsordningar er uførepensjon, barnepensjon, krigspensjon og ytingar til tidlegare familiepleiarar. Arbeidsgjevarar har plikt til å ha tenestepensjonsordning for dei tilsette.

Visste du at

... Nav har ein eigen pensjonstelefon?

Pensjonstelefonen opplyser om kva pensjonsrettar du har, også rettar i kombinasjon med uføre- eller attlevandepensjon.

Ny alderspensjon gjev deg tilgang til å ta ut pensjon fra 62 år i 2011.

Det landsdekkande nummeret er 21 07 40 00, og opningstida er 08.00 – 15.00. Ringjer du frå utlandet er nummeret +47 21 07 40 00.

Lover og reglar

Finn tenester i nærområdet ditt