800 30 301
Kva er Noreg.no - taleportal?
Taleportalen til Noreg.no er ei døgnopen telefonteneste. Ved hjelp av eiga stemme eller telefontastar kan du få lese opp
- Nyheiter frå det offentlege
- Kontaktinformasjon til offentlege etatar og verksemder
På dagtid kjem du til svartenesta til Noreg.no som kan setje deg over til taleportalen. Resten av døgnet kjem du direkte til taleportalen.
Kvifor tilby ein taleportal?
Det finst i mange verktøy som gjer tenester på Internett lettare tilgjengelege for mellom anna synshemma. Taleportalen krev ikkje bruk av pc og er eit supplement til Internett-baserte informasjonstenester. Taleportalen er for alle som har nytte av å lytte framfor å lese.
Les meir om offentlege nettsider og tilgjengelegheit her.
Noreg.no - taleportal - Grønt nummer 800 30 301


