SMS
Treng du hjelp til å finne fram i det offentlege, kan du sende SMS (tekstmelding) til Noreg.no. Vi hjelper deg med å finne fram til offentleg informasjon, offentlege tenester eller rett kontor. Du betaler kun vanleg takst til din teleleverandør når du sender melding til oss.
Hugs at SMS passar best til spørsmål vi kan svare kort på, då vi berre har 160 teikn til disposisjon. Har du omfattande spørsmål eller ønskjer lenkjer til nettsider, bør du kontakte oss via nettprat, e-post eller telefon. Oppgir du bustadkommune, kan vi ofte gi deg meir detaljert informasjon.
Slik sender du SMS til Noreg.no:
INFO <ditt spørsmål> til 1980
Du skriv kodeordet INFO, tastar mellomrom, skriv inn spørsmålet ditt og sender meldinga til telefonnummer 1980.
Eksempel:
INFO Kva er e-postadressa til Nav? Eg bur i Asker kommune.
Send meldinga til 1980.
Sender du SMS i opningstida vår, vil du få svar etter kort tid. Dersom du sender SMS utanom opningstida, vil vi sende deg svar neste arbeidsdag.
Opningstidene våre fram til og med 31. august er måndag–fredag kl. 8–15.
