Om Noreg.no - Bakgrunn - Service-erklæring - Noreg.no logo

Om Noreg.no

Logo Noreg.noNoreg.no skal gjere det lett å finne fram til informasjon og tenester frå det offentlege. Det offentlege omfattar statlege etatar og verksemder, kommunar og fylkeskommunar. Ansvaret for Noreg.no ligg hos Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) . Direktoratet er underlagt Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

 

PublikumstenestaNoreg.no er innbyggjarane sin vegvisar i det offentlege og består av ein portal og ei svarteneste. Portalen har temasider med informasjon om t.d. ekteskap, skatt og helsetenester og lenkjer til elektroniske tenester. Du finn kontaktinformasjon til offentlege etatar og får vist på kart kvar dei ligg. Portalen har versjonar på nynorsk, bokmål og engelsk.

Finn du ikkje det du leitar etter, kan du kontakte svartenesta på telefon, e-post, nettprat eller SMS. Meir informasjon om dette finn du på sida Spør oss.

 

Logo MisideMiside er eit offentleg servicekontor på Internett og gjev deg ein felles inngang til elektroniske tenester frå det offentlege. Difi har forvaltningsansvaret for Miside. Difi har også ansvar for å utvikle nye tenester og innhald på portalen i tillegg til å gje rettleiing og informasjon om bruk. Inngangsporten til Miside finn du på Noreg.no.

 

 

Om Noreg.no - Bakgrunn - Service-erklæring - Noreg.no logo