Miside er eit offentleg servicekontor på Internett.
Miside gjev deg
- ein felles inngang til elektroniske tenester frå det offentlege
- høve til å sende inn søknader, skjema og registreringar
- innsyn i informasjon som er registrert om deg i ulike offentlege register
Miside skal bidra til ein enklare kvardag ved å gjere offentlege tenester meir tilgjengelege.
På Miside kan du mellom anna
- endre adresse i folkeregisteret
- sende søknad om skattekort
- melde adresseendring (Posten)
- finne namn og kontaktinformasjon til fastlegen din
- byte fastlege
- bestille helsetrygdkort
- få oversikt over den forventa alderspensjonen din frå NAV
- få oversikt over samla gjeld, siste innbetaling, neste terminbeløp og status for søknad om stipend og lån i Lånekassen
- søke om fastrente eller betalingsutsetjing i Lånekassen
- sjå statusen din som arbeidssøkjar hos NAV
- finne informasjon om dei registrerte eigedommane dine
Om tryggleik og personvern
Miside lagrar berre dei data som trengst for at du kan opprette di eiga personlege side. På Miside kan du få innsyn i opplysningar som er lagra om deg i ulike offentlege register. Opplysingane blir henta frå dei aktuelle registra. Dei blir ikkje lagra på Miside. Til dømes ligg alle skattedata dine framleis i registra til Skatteetaten.
Innlogging
Miside nyttar ei felles offentleg innloggingsløysing, MinID. Innlogginga krev både fødselsnummer, PIN-kodar frå Skatteetaten og eit passord du lagar sjølv. Når du først er logga inn på Miside, kan du gå vidare til andre offentlege nettstader utan ny innlogging.
Treng du meir hjelp, kan du kontakte brukarstøtte.
