Årets offentlege nettstader 2007
I samband med den årlege kvalitetsvurderinga delte Noreg.no og Kommunal Rapport ut fire prisar til offentlege nettstader som har utmerka seg positivt.
I kåringa har juryen lagt vekt på design, innhald, navigasjon, struktur, nyskaping og brukarmedverknad.
Resultatet av kvalitetsvurderinga er ein del av vurderingsgrunnlaget, men juryen har hatt
fagleg fridom, også til å nominere nettstader som ikkje er kvalitetsvurderte.
Årets statlege nettstad
Dei nominerte til prisen var:
- Statens forureiningstilsyn
- Ung.no
- Universitetet i Stavanger
Årets vinnar: Ung.no
Juryen si grunngjeving:
- Vinnaren av årets statlege nettstad tek
brukarvennlegheit på alvor. Nettstaden er
bevisst si målgruppe gjennom design og
språk, og involverer brukaren i undersøkingar,
spørsmål og debatt. Nettstaden er blitt betre
på tilgjengelegheit, men juryen peiker på at
vinnaren må jobbe vidare med bl.a. koding av
tabellar og validering av kode. Med omsyn til
navigasjon, tilbyr nettstaden fleire inngangar
til informasjonsressursane, bl.a gjennom ei
kreativ cloudsvising for tema. Vinnaren lukkast
også i å ivareta folkeopplysarrolla, med
fokus på målgruppa.
Årets kommunale nettstad
Dei nominerte til prisen var:
- Asker kommune
- Bergen kommune
- Trondheim kommune
Årets vinnar: Trondheim kommune
Juryen si grunngjeving:
- Vinnaren av årets kommunale nettstad skårar
høgt i kvalitetsvurderinga frå Noreg.no.
Nettstaden har ryddig design, er lett å navigere
på og har konsistente menyar. Men juryen
meiner at nettstaden har eit noko stort
fokus på nyheiter og at desse tek for mykje
plass på framsida. Nettstaden tilbyr ei rekkje
elektroniske tenester for innbyggjaren, bl.a.
videoverføring av debattar, og det er mogeleg
å nettprate. På området nyttig innhald i
kvalitetsvurderinga skårar vinnaren høgast
av alle dei vurderte nettstadene.
Årets netteneste
Dei nominerte til prisen var:
- Statens lånekasse
- Statens Pensjonskasse
- Yr.no
Årets vinnar: Yr.no
Juryen si grunngjeving:
- Vinnaren av årets netteneste vender seg til eit
stort publikum og har eit brukarvennleg grensesnitt
som gjer det enkelt å finne fram. Nettstaden
tilbyr fleire inngangar til informasjonen og
nyttar web-teknologien godt. Men juryen meiner
at det er unødvendig å presentere mange ulike
lokalitetar, som til dømes kyrkje, bru, tunnel, for
same geografiske stad. Vinnaren legg til rette for
at andre nettstader kan bruke data i eigne tenester,
noko som juryen meiner gjer nettstaden til
eit førebilete for andre.
Tilgjengelegheitsprisen
Dei nominerte til prisen var:
- Dinfeil.no
- Dok.no
- Regjeringa.no
Årets vinnar: Dok.no
Juryen si grunngjeving:
- Årets vinnar utmerkar seg ved eit bevisst fokus
på tilgjengelegheit, utover retningslinjene frå
Noreg.no. Nettstaden har kode som validerer
og bruker nøkkelord for å vise brukaren til relaterte
artiklar. Juryen peiker på at nettstaden har
eit litt kjedeleg design, noko som underbyggjer
myten om at tilgjengelege nettstader = traust
og kjedeleg. Juryen understrekar at vinnaren har
gjort eit grundig arbeid med å gjere informasjon
tilgjengeleg for ulike brukargrupper. Ved å tilby
informasjon også som teiknspråk og i lettlest
versjon er nettstaden i ein klasse for seg.
Jury
Årets jury bestod av:
- Aud Marie Hauge (Gazette)
- Haakon Aspelund (Deltasenteret)
- Thor Fredrik Eie (Netlife Research)
- Ole Pedersen (Kommunal Rapport)
- Trude Risnes (Noreg.no)
- Frank Fardal (Noreg.no)