Her finn du aktuell informasjon presentert av Noreg.no. Informasjonen er sortert i desse fem kategoriane:

Aktuelt no

Kriseinfo.no er lansert

Kriseinfo.no er ein nettportal som formidlar viktig informasjon frå styresmaktene til innbyggjarane før, under og etter kriser.

Sist oppdatert: 2.2.2012

Har du økonomiske problem?

Ring 800GJELD, økonomirådstelefonen i Nav, og få råd og hjelp til sjølvhjelp. 800GJELD er det same som 800 45 353, det vil seie at tastaturboktavane G J E L D samsvarer med tala 45353 på telefonen.
Det er gratis å ringje dette nummeret frå fasttelefon.

Sist oppdatert: 2.2.2012

Les fleire: Aktuelt no

Visste du at...?

... det finst alternativ til familieinnvandring?

EØS-borgarar, familiemedlemmer av ein EØS-borgar, studentar eller faglærde som ønskjer å bu i Noreg saman med eit familiemedlem, kan søkje andre typar løyve enn familieinnvandringløyve.

På nettsidene til Utlendingsdirektoratet (UDI) finn du informasjon om alternativ til å søkje om familieinnvandring.

Sist oppdatert: 30.1.2012

... dersom du føder barn og ikkje har tent opp retten til foreldrepengar, kan du få eingongsstønad ved fødsel?

Eingongsstønaden blir gitt for kvart barn du føder. Satsen er 35 263 kroner per barn per 1. januar 2012.

Sist oppdatert: 10.1.2012

Les fleire: Visste du at...?

Ofte stilte spørsmål

Kven må sende inn gåvemelding, og kvar finn eg skjema for dette?

Både den som gjev ei gåve og den som får ei gåve har ansvar for å sende inn gåvemelding. Du finn skjema for utfylling og meir informasjon om korleis du gjer dette på sidene til skatteetaten om avgift på arv og gåver.

Sist oppdatert: 10.1.2012

Korleis går eg fram for å stifte ei foreining?

Du finn informasjon om registrering av foreningar på Altinn.no. Der finn du også forslag til stiftelsesdokument og ein standard for god reknskapsskikk for ideelle organisasjonar. Denne informasjonen var tilgjengeleg på Bedin tidlegare, men frå 12. desember 2011 finst den berre på Altinn.

Sist oppdatert: 12.12.2011

Les fleire: Ofte stilte spørsmål