Som pasient har du rettar overfor helsetenesta. Fritt sjukehusval gjev deg rett til å velje kva sjukehus du skal bli behandla eller vurdert ved. Du har rett til nødvendig helsehjelp. Du har rett til innsyn i journal og informasjon om muleg risiko og biverknader. Er du blitt påført skade etter behandlingssvikt innan den offentlege helsetenesta, kan du ha krav på erstatning.

Noreg.no tilrår

Elektroniske tenester

Visste du at

...alle fylka har eit uavhengig pasientombod?

Pasient- og brukarombodet skal medverke til å sikre behova, interessene og rettstryggleiken til pasientane i høve til offentlege helse- og sosialtenester. Du kan kontakte pasient- og brukarombodet når du manglar informasjon om rettar og ordningar, treng råd om korleis du skal gå fram eller har opplevd noko du ikkje syntes var bra. Meir informasjon finn du på nettsidene til pasient- og brukaromboda.

Lover og reglar

Finn tenester i nærområdet ditt