For deg som skal bruke Miside:

Tenestene i Miside

Miside tilbyr, saman med informasjonstenestene i Noreg.no, innbyggjarane ein einsarta og lettfatteleg inngangsport til offentleg sektor. Miside tilbyr spesielt:

  • Innsyn i personleg informasjon frå flere offentlege register
  • Høve til innsending av søknadar, registreringar og førespurnadar
  • Sikker pålogging og sikker kommunikasjon med det offentlege

I Miside er det fire kategoriar av tenester:

  • Registertenester, der Miside gjer eit oppslag i eit register hos tenesteleverandøren.
  • Transaksjonstenester, der innbyggjar kan gjennomføre ei teneste hos en tenesteleverandør (for eksempel skrive og levere inn ein søknad).
  • Meldingstenester, der ein tenesteleverandør sender personlege meldingar til innbyggjaren, og innbyggjaren kan sende strukturerte svar tilbake.
  • Kalendertenester, der tenesteleverandørane kan registrere personlege avtalar og andre viktige datoar.

Miside tilbyr no eit utval av tenester. Kommunale tenester frå enkelte kommunar er integrert, men Miside har lenkje til nettstaden til den enkelte sin kommune. Miside vil fortløpande bli utvida til fleire tenester frå det offentlege.

Miside har pr. november 2007 omlag 300 tenester, og av desse er 36 statlege. Tenestene, som er organisert tematisk, kan samanfatta presenterast slik:

  • Namn og adresse i folkeregisteret
  • Søknad om skattekort
  • Flyttemelding
  • Namn og kontaktinformasjon for "fastlegen min"
  • Byte av fastlege
  • Bestille helsetrygdkort
  • Din pensjon (NAV)
  • Køyretøya mine, inkludert dato for siste periodiske kontroll og frist for neste kontroll
  • Oversikt over samla gjeld, siste innbetaling, neste terminbeløp samt status for søknad om stipend og lån i Lånekassen
  • Søkje om fastrente eller betalingsutsetjing hos Lånekassen
  • Status og registrert informasjon hos Nav arbeid
  • Informasjon om mine registrerte eigedomar
  • Tenester frå enkelte kommunar