For deg som skal bruke Miside:
Om Miside
Miside er ein brukervennleg inngangsport til det offentlege Noreg. Portalen gjer tilgjengeleg fleire tenester på ein stad. Dei ulike offentlege etatane og verksemdene har framleis ansvaret for tenestene på same måte som dei hadde tidlegare.
Samarbeidsprosjekt
Miside blei etablert som eit samarbeidsprosjekt mellom Fornyings- og administrasjonsdepartementet (dåverande Moderniseringsdepartementet) og dei etatane som leverte tenester i første versjon av løysinga. Også etter at første versjon av Miside er ferdig utvikla held samarbeidet fram. Nye tenesteleverandørar vert trekt inn i samarbeidet, med det mål å få flest mogeleg tenester i Miside.
Når løysinga no er i drift, er det Noreg.no som forvaltar alle forhold rundt Miside.
Autentisering
Autentiseringa i Miside er basert på PIN-kodar. Løysinga inkluderer også vidareformidling av elektronisk identitet slik at brukaren kan gå vidare til ein anna offentleg nettstad uten ny innlogging. Denne autentiseringa er midlertidig fram til ein ny tryggleiksportal for offentleg sektor vert etablert.
Reservasjon mot PIN-kodar til offentleg innloggingsløysing
Tryggleik og personvern
Tryggleik og personvern er teke veldig godt vare på i Miside. Innbyggjarportalen er ikkje eit nytt stort register med all informasjon om norske innbyggjarar. Miside gjer kun tilgjengeleg data som allereie er registrert i ulike offentlege register. Miside gjer oppslag i ulike register, men informasjonen vert ikkje lagra i Miside. Miside lagrar eit minimum av data som gjer det mogleg at alle kan opprette si eiga personlege side i Miside. Data vert liggande i registra hos etatar som leverer tenestene. For eksempel er alle data relatert til skatt, framleis i Skatteetaten sine register.
