Ålesund bibliotek "Mappa mi"
Selvbetjent låneradministrasjon ved Ålesund bibliotek
Selvbetjent låneradministrasjon ved Ålesund bibliotek
Søk i kataloger ved Ålesund bibliotek
På denne sida kan du hake av for interessene dine og sjå kva utdanningar og yrker som kan passe for deg. Du får oversikt over utdanningar både på vidaregåande skule, fagskule og universitet og høgskular, og du finn godkjente lærebedrifter i kvart fylke. Sida viser og kvar arbeidsmarkedet er ved at du får informasjon om faktisk sysselsetting på yrke ned på fylkes- og kommunenivå. Sida vert oppdatert gjennom bruk av AA-registeret og Brønnøysundregisteret.
Studiebarometeret viser studentane sine oppfatningar om kvalitet i studieprogram ved norske høgskular og universitet. På Studiebarometeret.no kan du einkelt finne studentane sine vurderingar av ulike studieprogram, samanlikna resultat mellom ulike studieprogram og sjå utvikling over tid for eit studieprogram. Data i Studiebarometeret.no byggjer på ein nasjonal spørjeundersøking, som vert sendt ut til ca. 60 000 studentar kvar haust.
Ved hjelp av Vitnemålsportalen kan du sjølv hente ut dine resultat frå høgare utdanning og dele dei med studiestadar, potensielle arbeidsgivarar og andre relevante partar. Tenesta er gratis å nytte.
Nettstaden gjev utanlandske studentar informasjon om studium i Noreg - om studiefinansiering, kva dei kan studere og kvar i Noreg dei kan studere.
Her finn du informasjon om ord og termer som vert brukt innanfor viktige samfunnsområder i dei nordiske landa. Det kan vere til hjelp om du skal arbeide eller studere i eit anna nordisk land.
Som hovudregel har du ikkje rett til dagpengar om du er skuleelev eller student, men det er nokre unntak. Om du ynskjer å behalde dagpengar medan du er skuleelev, må du søkje om dette. Les meir om dagpengar og utdanning på Nav.no.